Filmprogram
Tomt? Nytt program kjem snart!
Bli medlem!
Medlemskap er nødvendig for å delta på filmklubben sine filmvisingar. Årsaka er at filmrettane vi kjøper som hovudregel kjem med vilkår om medlemskap.
Vi viser film om lag ein gong i månaden, i periodane august-desember og januar-mai. I tillegg kan det dukke opp enkeltvisingar i samband med ulike arrangement.
Medlemskap kjøper du samtidig som du bestiller billett til ei filmvising. Nytt frå og med 2024 er at medlemskapen ikkje følger kalendaråret, men varer i seks månader frå betalinga er registrert av oss. Merk: Medlemskap frå 2023 er ikkje gyldig i 2024.
Medlemsregisteret erstattar også bruken av medlemskort, og du vil i staden motta ein e-post med fornyingsdato for medlemskapen. Dei nye reglane kjem i samband med at Norsk Filmklubbforbund (NFK) har innført nytt medlemssystem.
Sunnfjord Filmklubb er medlem i NFK, det betyr at eit medlemskap hos oss gir deg tilgang til alle filmklubbane som er med i NFK. Du kan også sjå film hos oss om du er medlem i ein annan klubb.
Les meir om filmklubbar på filmklubb.no