Kven er vi
Sunnfjord Filmklubb er ein frivillig organisasjon som driv med filmvisingar. Vi er organisert i Norsk Filmklubbforbund.
Organisasjonsnummer: 931 068 288
Kontakt oss på: post@sunnfjordfilmklubb.no
Nettadressa vår er: https://sunnfjordfilmklubb.no/
Infokapslar
Nettsida vår har informasjonskapslar som påverkar dei som redigerer sida – og for å logge nettstadtrafikk. Sidan det ikkje er innlogging, opplastingsmoglegheiter, kommentarfelt eller annan form for utveksling med nettstaden, lagrar vi ikkje slik informasjon om deg.
Denne nettsida brukar Mouseflow til nettstadanalyse. Verktøyet loggar økter, varmekart, traktanalyse, skjemastatistikk, tilbakemeldingsskjema og liknande funksjonalitet. Mouseflow kan registrere besøkte sider og innhald, tid på nettstaden, nettlesar, operativsystem, einhetstype (skrivebord/nettbrett/telefon), skjermoppløysing, besøkartype (første gong/returnerande), referent, anonymisert IP-adresse, stad (by/land), språk og liknande metainformasjon. Mouseflow samlar ikkje inn informasjon på sider der det ikkje er installert, og det sporar eller samlar heller ikkje inn informasjon utanfor nettlesaren din. Om du ønsker å reservere deg, kan du gjere det på https://mouseflow.com/opt-out. Om du ønskjer å få ei kopi av dine data, gjere ei korreksjon eller få dei sletta, ver venleg å kontakte oss først eller, som eit sekundært alternativ, kontakte Mouseflow på privacy@mouseflow.com.
For meir informasjon, sjå Mouseflow si personvernerklæring på https://mouseflow.com/legal/company/privacy-policy/.
For meir informasjon om Mouseflow og GDPR, besøk https://mouseflow.com/legal/gdpr/.
For meir informasjon om Mouseflow og CCPA/VCDPA, besøk https://mouseflow.com/legal/ccpa.
Innebygd innhald frå andre nettstader
Nettstaden vår har ikkje innebygd trafikkteljar eller innebygd sporing frå sosiale medium. Den einaste innebygde koplinga er til vårt billettsystem checkin.no. Checkin AS samlar inn og lagrar den informasjonen du sjølv oppgir i forbindelse med billettkjøp. Vilkåra kan du lese ved kjøp, eller du kan lese dei her: Kjøpsvilkår – Checkin.no
Artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (td. videoar, bilete, artiklar og liknande) frå andre nettstader. Slikt innebygd innhald frå andre nettstader fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadene.
Desse nettstadene kan samla data om deg, bruka infokapslar, innehalda tredjepartssporing, og overvaka korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Slik sporing kan til dømes vera å spora korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.
Kven vi deler opplysingane dine med
Vi deler opplysningar med billettsystemet vårt, checkin.no. Du kan lese vilkåra til Checkin AS ved kjøp av billettar/medlemskap, eller på denne lenka: Kjøpsvilkår – Checkin.no
I tillegg nyttar vi Mailchimp til å sende ut nyheitsbrev. Det er frivilleg å stå på liste for å motta nyheitsbrev. Vilkåra til Mailchimp (Intuit) kan du lese her: Global Privacy Statement | Intuit
Kva rettar du har over oppysingane dine
Du kan når som helst be om at vi slettar alle personopplysingar vi har om deg. Dette gjeld likevel ikkje data vi må lagre av administrative, juridiske eller tryggleiksgrunnar. Kontakt oss på post@sunnfjordfilmklubb.no